Tilbodet er utvikla i eit samarbeid mellom Universitetet i Agder, Lister kompetanse, Østre Agder interkommunalt politisk råd og Setesdal interkommunalt politisk råd.

  • Det er eit stort behov i kommunane for kompetent arbeidskraft innan helse, og dette er også ei god moglegheit for innbyggarane våre til å få seg ei høgare utdanning nær heimstaden, seier Rita Hansen, dagleg leiar av Setesdal interkommunalt politisk råd

Meir om utdanninga

Vernepleiarutdanninga inneheld både eit helsefagleg og eit sosialfagleg perspektiv. Studentane vil få ein allsidig kompetanse som kvalifiserer til arbeid med alle aldersgrupper innan helse-, omsorg og velferdstenester.

Utdanninga er på deltid over 4,5 år, og er samlings- og nettbasert. I tillegg vil det vere krav om 30 veker praksis. Studentane vil få praksisplass i regionen dei tilhøyrer.

Kven kan søke seg inn på distriktsvenleg vernepleie?

  • Bygland 
  • Bykle  
  • Evje og Hornnes 
  • Valle  
  • Åseral 
  • Iveland  
  • Vennesla* 

*Kun Hægeland (postnummer 4720 og 4721) og Øvrebø (postnummer 4715)