Gratis sjølvtestar skal prioriterast til:

  • personar med symptom
  • uvaksinerte nærkontakter
  • uvaksinerte barn og unge ved målretta jamnleg testing (i situasjonar med utbrot)

Det er svært viktig at den som henter testen er symptomfri!

Viss testen er positiv

Om testen er positiv, må du i isolasjon. Ta kontakt med legekontoret for vidare oppfølging. Du må bestille ein ordinær PCR-test for å sjekke om det positive svaret er rett.

Nærkontakter/medlemmer i husstanden som ikkje er fullvaksinerte, må i karantene til svar frå PCR-testen ligg føre.