Det betyr at barn, elevar og tilsette kan gå tilbake til ein meir normal barnehage- og skulekvardag. Erfaring har vist at barnehage og skule er trygge stader å vere, også med høge smittetal. Ein treng derfor ikkje halde barna heime sjølv om det er smitte i barnehage eller skule.

Reglar som gjeld no:

  • Barn i grunnskulealder og yngre treng bare å halde seg heime om dei er sjuke. Dei kan tilbake i skule og barnehage når dei har vore feberfrie i 24 timar.
  • Vaksne som får symptom, vert anbefalt å ta ein sjølvtest. Er den positiv, er anbefalinga å halde seg heime fire døgn. Ein bør vere feberfri eit døgn før ein kjem tilbake på jobb.