Innbyggarar i Agder er valde ut til å vere mottakarar av spørreundersøkinga som skjer via mobiltelefon/SMS. 

Bakgrunn for undersøkinga:

Noreg ønsker å redusere for tidleg død av ikkje-smittsomme sjukdomar med 30% innan 2030. Data frå ei ny undersøking vil gjere at helsemynda kan følge med på utviklinga av desse sjukdommane, nemleg kreft, kols, diabetes og hjarte- karsjukdomar

- Livsstilsfaktorar som vekt, kosthald, fysisk aktivitet samt alkohol- og tobakksbruker såkalla helseindikatorar. Dei kan fortelle korleis framtidig helse vil bli.
- Undersøkelsen "Helse og sykdom" vil gje vikit informasjon på ein enkel måte slik at myndigheitene kan sette i gong tiltak som bedrar folkehelsa.

Frå og med torsdag 3. oktober vil tilfeldig utvalde personar i Agder få ein SMS der dei blir bedne om å svare på ei kort spørreundersøking. Det vil ta 5 minutt å svare.

Kontakt:

  • Prosjektleiar: professor Inger Torhild Gram
  • Prosjektkoordinator: seniorrådgiver Elin Breivik
  • Kommunikasjonsansvarlig Randi Laukli
  • Mail: helseogsykdom@ehealthresearch.no

Fakta: 
Undersøkinga Helse og sykdom er Noreg si første nasjonale undersøking som planlegg årleg digital innsamling av informasjon om livsstilsfaktorar.  
Undersøkinga rettar seg mot 11 000 kvinner og menn tilfeldig henta ut frå Folkeregisteret. Personane er i alderen 16 til 69 år, frå heile landet, og har eit registrert mobiltelefonnummer. 
Prosjektet er finansiert av Norges forskningsråd.
Prosjektpartnarar er Nasjonalt senter for e-helseforsking, Universitetssykehuset Nord-Norge, Healthcom AS og Institutt for samfunnsmedisin, UiT Norges arktiske universitet.
Store befolkningsundersøkingar i Noreg: Kvinner og Kreft, Tromsøundersøkelsen, Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag, Fylkesundersøkingane, 40-årsundersøkingane og Hordalandsundersøkelsen.