Kommuneplanen sin samfunnsdel
Kommunen er i gang med revidering av kommuneplanen sin samfunnsdel. Planen har ein tidshorisont fram mot 2032. Eit av hovudsatsingsområda i samfunnsdelen er "Verdiskaping og berekraft". Samfunnsdelen skal i det kapittelet seie noko om kva mål kommunen har innan næringsutvikling, berekraftig verdiskaping og sysselsetting. Han skal òg seie noko om korleis vi skal nå måla gjennom å beskrive tiltak og strategiar.

Kva for eit framtidsbilete ser vi for oss i 2032?

Vi inviterer dei næringsdrivande til møte torsdag 21. november på følgjande stader:

Bygland, Kommunestyresalen  kl. 17.30 – 19.00
Byglandsfjord, Pakkhuset kl. 20.00 - 21.30


Kva er kafédialog?

Kafédialog er ein arena for dialog rundt bordet. Vi meiner at dei beste løysingane skapar vi saman.
Deltakarane blir fordelt etter eiga ønskje på kafébord. Kvart bord har ein bordvert som introduserer eit tema som blir drøfta. 
Deltakarane kjem med idear og innspel som blir notert på ‘duken’ av bordverten. Etter ei avsett tid bytter alle bord og tema. 
Kaféforma fremjar aktivitet og gjer det mogleg for alle å bidra.