Mange som ikkje søkjer
Erfaringar frå tidlegare år viser at det finst mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon.  Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskerforbund. Slike såkalte underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt. Søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet blir avvist.
 
Vi ønskjer å nå fleire
Det er også ein del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrergrupper og andre lokale foreiningar.
 
Reglerverk
De kan lese meir om regelverket for momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettsida til Momskompensasjon. Her finn du og søknadsskjema. Dersom de lurer på noko, ta kontakt per e-post postmottak@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.
 
Minstegrenser
For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 200 000 kroner i totale driftskostnader, medan minstegrensa etter dokumentert søknadsmodell er 14 000 kroner i søknadsberettiga meirverdikostnader.
Underledd slepp å ta hensyn til minstegrensane då dei vil inngå i søknaden frå sentralleddet.
 
Søknadsfrister
Frist for å søkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2015.
Sentralledd set eigne frister for innrapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.