Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A
Kommunen informerer

Minkar det på drikkevatnet?

Finværet har medført turke, og kommunen får litt spørsmål om hjelp til å fylle tomme drikkevassbrønnar. Pr. no er det mindre kapasitet til å imøtekome ønska, sidan mykje materiell og mannskap er opptatt i skogbrannsamanheng.

Dersom det er behov for drikkevatn, så tipsar ein om at dette kan hentast på alle kyrkjegardar. På Bygland er det også lagt til rette for at ein kan fylle drikkevatn frå utvendig kran på Bygland idrettshall. Her er det lettvint å køyre inntil med bil/biltilhengar

Publisert