Bygland kommune fekk på ettermiddagen 21.7 melding om at vi nå får 162 doser Pfizer vaksine i veke 30. Dette er 100 doser fleire enn meldt tidligare. Vi skal vaksinere i Byglandshallen torsdag 29.juli. I løpet av eit par dagar vil vi sende ut melding til dei som har takka ja til vaksine og endring av stad for vaksinering til dei som har fått innkalling.

Dei i aldersgruppa 25-39 år har førebels ikkje fått førespurnad om dei ynskjer vaksine så denne gruppa får innkalling inn til time i veke 30 eller veke 31.

Vi ber om at alle fyller ut eigenerklæringsskjema for vaksinering på førehand, har du ikkje skrivar kan dette hentast på kommunehuset. Eigenerklæringsskjema til vaksinasjon - Bygland kommune

Vi ber om at alle svarar i lenka som kjem med SMS meldinga, det lettar arbeidet mykje for dei som nå skal organisere vaksinering midt i ferietida.

Om du ikkje ønskjer/får til å trykke på lenka, kan du ringe sentralbordet på tlf. 37 93 47 00 måndag til fredag mellom kl. 10:00 og 14:00.

Har du ikkje fått innkalling i løpet av helga så gi beskjed til post@bygland.kommune.no så tek vi kontakt.