Listeforslaget skal skrivast etter ein mal, og det må ha kome fram til kommunen innan 1. april 2019 kl. 12:00. Det er ikkje nok at brevet med listeforslag er poststempla innan fristen. Listeforslaget må leverast i papirformat og tosidig. På den eine sida skal alle kandidatane stå, på den andre skal dei som skriv under stå.

Når innleveringsfristen er ute, kan forslagstillarane kun gjere dei endringane på listeforslaget som er naudsynte for å bringe listeforslaget i den stand som Vallova og forskriftene til denne seier.

Underskriftene på listeforslaget
Eit listeforslag må vere underskriva av eit visst tal personar. Talet på underskrifter er avhengig av om partiet er registrert i Partiregisteret i Brønnøysund, og partiet si oppslutting ved førre Stortingsval.

For registrerte parti som har fått minst 500 stemmer i eit fylke eller 5000 stemmer i heile landet "forenkla modell" ved førre stortingsval, krev ein underskrift av to styremedlemmer av partiet si lokalavdeling med ansvar for det valdistriktet lista gjeld.

Dei registrerte partia som ikkje oppnår tilstrekkeleg oppslutting vil kome inn under reglane for uregistrerte grupperingar der ein krev underskrifter frå eit tal personar med røysterett i kommunen som svarer til 2% av talet røysteføre ved førre kommunestyreval. I 2015 var det 961 røysteføre i Bygland.

Minimumskravet er at forslaget minst må vere underskrive av like mange personar som ein skal velje kommunestyrerepresentantar.

Tillitsvald/tillitsutval
Det må bli ført på ein tillitsvald m/vararepresentant som kommunen kan halde kontakt med når ein handsamar listeforslaget. Listeforslaget må og opplyse om kva personar som skal fungere som eit tillitsutval som m.a. skal representere forslagsstillarane med valstyret om listeframlegget.

Overskrift på listeforslaget
Listeforslaget skal ha ei overskrift som viser parti eller gruppe. Namnet må ikkje kunne forvekslast. Registrerte parti skal bruke partiet sitt registrerte namn i listeoverskrifta. Listeforslaget må tydeleg vise at lista gjeld kommunestyrevalet 2019 i Bygland kommune. Bruk departementet sin mal "Skjema for innlevering av listeforslag".

Kandidatar og røystetillegg
Listeforslaget må innehalde minst 7 namn. I Bygland kommune kan forslaget maksimalt innehalde 21 namn, dvs talet på representantar i kommunestyret (15) pluss 6. Inntil 4 personar på lista kan gjevast eit tillegg i personleg på 25% av det talet røystesedlar som lista mottek ved valet. Namnet på desse kandidatane skal stå først og skrivast med utheva skrift.

Identifisering av kandidatane
Alle kandidatar må vere innført i folkeregisteret som busett i Bygland kommune på valdagen.
Listeforslaget skal innehalde:

  • Fornamn
  • Etternamn
  • Fødselsår

På røysteseddelen er fornamn og etternamn avgrensa til maksimalt 35 teikn (inklusiv mellomrom). Det er viktig å forklare korleis namn som er lenger enn 35 tekn, skal forkortast og vise på røysteseddelen.

Stilling og bustad kan takast med om forslagsstillarane ynskjer det, men ver merksom på at det er avgrensa plass på røysteseddelen. Ved fare for forveksling, skal stilling og/eller bustad gjevast opp.

Ver klar over at om stilling eller bustad blir ført opp, må dette gjerast for alle kandidatane på lista.

Lov om rett til å kreve seg friteken er regulert i Valgloven § 3-4 (1):

Rett til å kreve seg fritatt fra valg til fylkesting og kommunestyre har den som avgir skriftlig erklæring om at vedkommende ikke ønsker å stille til valg på den aktuelle valglisten"

Les meir om krav og korleis fylle ut listeforslag korrekt her

Her kan du lese meir om valget