Leigekøyring (ervervskøyring) blir vurdert ut frå §5 a) i Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag og rundskriv T-1/96 Motorferdsel i utmark.

Søkjar må vere tilhøyrande kommunen og ha registrert føretak som høver for å ta på seg frakt med snøskuter. Løyve med utgangspunkt i frå Borteli, Ljosland og Øvre Sirdal er unnateke frå regelen om fast busetnad i Bygland kommune. Desse må då vere busette i høvesvis Åseral eller Sirdal kommune.

Leigekøyrarar som har levert inn loggbok for utførte køyreoppdrag i førre periode og leigekøyrarar som i søknaden viser at dei vil dekke eit stort geografisk område, vil bli prioritert i søknadsprosessen. Ved utføring av oppdrag må leigekøyrar sjølv forvisse seg om det er greitt for grunneigarane i området at dei køyrer.

Lever søknaden på elektronisk skjema, Motorferdsel i utmark - Søknadsskjema. I innleiinga på skjemaet finn de meir om krav til søknaden under "Retningsliner for handsaming av søknadar etter motorferdselsolova for Bygland kommune"

Søknaden må ha kome inn til Bygland kommune innan 20. oktober. Søknadar som blir levert etter fristen, vil kun bli handsama viss der er ledige løyve.