Åsulv Horverak er oppteken med smittevern i samband med koronavirus, så han har ikkje pasientar no.

Det er viktig at pasientar som treng helsehjelp får naudsynt oppfølging av lege, men at dei ringer for timeavtale før dei møter opp.

Pasienter med influensaliknande symptom skal ikkje møte på legekontoret, men ta kontakt over telefon for vurdering. Det er også ein lokal koronatelefon som ein kan kontakte på tlf. 911 24 143 for å få råd.

Bygland legekontor har til no ikkje hatt nokon med smitte på kontoret. Ingen av dei tilsette har vore i karantene med mistanke om smitte.