Vi har hatt nokre få smittetilfelle i Bygland. Vi veit jo at kvart tilfelle er unikt – ingen er like, men nedanfor har vi prøvd å presentere nokre moment som ein ser går att kvar gong.

Melding om smitta person får vi frå Mikrobiologisk avdeling ved SSHF Kristiansand. Dei gir melding direkte til kommuneoverlegen. Han tar då umiddelbart kontakt med kommunedirektør, som deretter kallar inn kriseleiinga i kommunen. Kven som sit i kriseleiinga, er noko avhengig av kvar den smitta bur og arbeider. Blir t.d. oppvekstsentra involvert, er det naturleg at tenesteleiarane der blir kalla inn. Faste medlemmer i kriseleiinga er (i høve Covid-19): Ordførar, kommunedirektør, kommuneoverlege, tenesteleiar Helse (som og er leiar av smittesporingsteamet), beredskap og informasjon. Kommunedirektør kallar i tillegg inn dei som er relevante for den aktuelle hendinga.

Tida frå melding om smitte og fram til møtet i kriseleiinga startar, brukar leiar av smittesporinsteamet til å ta kontakt med den smitta for å få ei oversikt over nærkontakter og evnt. andre som kan måtte gå i avventande karantene. Dette gjer ho for at kriseleiinga skal få ei viss oversikt når møtet startar.

I denne situasjonen prøver vi å arbeide raskt og effektivt. Det er svært viktig å få isolert/sett i karantene/avventande karantene dei som potensielt kan kome til å smitte andre. Om det visar seg at det er mange involverte i situasjonen, ber kommunedirektøren smittesporingsteamet om å møte opp.

I tida fram til smittesporingsteamet er på plass blir det laga ei navneliste med telefonnummer (om vi har det), slik at dei kan gå i gong med å ringe i det øyeblikket dei er på plass. Flytskjema for smittesporing blir lagt fram.

Tilsette på legekontoret får deretter i oppdrag å gjere klar ein teststasjon slik at nærkontakter og evnt. andre kan bli testa. Så er det slik at om mikrobiologisk avdeling får alle testane før kl. 23:00, er det stor moglegheit for at resultatet er klart neste dag. Difor kan teknisk vakt bli bedne om å frakte testane ned til sjukehuset den samme kvelden. Det blir gjort på denne måten slik at folk som sit i avventande karantene, kan gå ut av denne så fort som mogleg (om testen er negativ).

Om testane er negative, får smittesporingsteamet i oppdrag av kommunedirektøren om å gi beskjed til alle i avventande karantene at dei kan gå ut av denne.

Her finn du "Flytskjema for smittesporing"