Følgjande tre saker har prioritet nå i starten av prosessen:

  1. Rundkøyring på rv9
    Planføresegnene seier at før ein kan tillate bruk av nye bustader, skal rundkøyring på rv9 vere ferdig opparbeidd. Administrasjonen har vore i dialog med Statens vegvesen (SV) ang. etablering av rundkøyringa. SV har ikkje avsett midlar til dette i sine budsjett. Administrasjonen arbeider vidare med å få rundkøyringa inn i SV sine planar og vil i den samanheng diskutere om ein kan få til ei midlertidig løysing fram til rundkøyringa er etablert.
  2. Heimel til areal
    Det er naturleg å starte med utvikling av områda BKS1 og BKS2 (områda avsett til bustadar sør i planen). Bygland kommune eig pr. i dag ikkje det aktuelle arealet. Administrasjonen er i dialog med eigar med tanke på kjøp av areal.
  3. Utarbeiding av konkurransegrunnlag for bustadområde
    Dei to punkta over legg premissar for arbeidet med konkurransegrunnlaget. Administrasjonen har sett på nokre andre liknande tilfelle og vil nytte det som eit utgangspunkt i utarbeidinga av konkurransegrunnlaget

Dokumenta i reguleringsplanen kan du finne HER