I vår gav elevane i 5-9. klasse oss innspel til kva dei set pris på i sitt nærområde og kva dei ønskjer skal betrast. 
Dei godt vaksne kjem i desse dagar med innspel til kva dei meiner er det gode lokalsamfunnet. 
75 innbyggjarar har sagt ja til å delta i innbyggjarundersøkinga og det er vi godt nøgde med.
 
I løpet av oktober blir det invitert til folkemøte i form av kafédialog på følgjande stader:
Byglandsfjord, Lokstallen – 21. oktober kl. 19-21.30
Grendi, Skulen – 22. oktober kl. 19-21.30
Bygland, Kulturscena -  28. oktober kl. 19-21.30
Ose, Grendehuset (kjellaren) – 29. oktober kl. 19-21.30
 
Møta varer 2-2,5 time. Alle er velkomne!
 
 
Kva er ‘kafédialog’?
Kafédialog er ein arena for dialog mellom innbyggjarar, næringsliv, lag og foreiningar, politikarar og fagpersonar. Vi meiner at dei beste løysingane skapar vi saman.
Deltakarane blir fordelt etter eiga ønskje på 5 kafébord. Kvart bord har ein bordvert som introduserer eit tema som blir drøfta. 
Deltakarane kjem med idear og innspel som blir notert på ‘duken’ av bordverten. Etter ei avsett tid bytter alle bord og tema. 
Kaféforma fremjar aktivitet og gjer det mogleg for alle å bidra.