Vidare i livet

Kreftkoordinator i Kristiansand kommune seier kurset skal hjelpe kreftpasientar til å gå vidare i livet anten pasienten er kreftfri eller må lære å leve med kreften.
"Det er mange som opplever at det ikkje bare er å ta opp att tråden frå tida før ein blei sjuk. Mykje har skjedd i livet, både til den som har hatt kreft, og dei pårørande. Alle kreftsjuksomar er ulike, seier Abelseth.

Fire kreftkoordinatorar som representerer fleire kommunar samarbeider om kurset.

Påmelding på telefon
Setesdal, Søgne og Sogndalen: 902 18 821
Kristiansand: 468 29 653
Vennesla: 982 93 743

Kurset kostar 200.- kroner pr person, og 400 kroner pr par.
Påmeldingsfristen er 26. oktober. Stad: Kreftforeningen sine lokale i Dronningensgate 2A, 2. etasje. Kurset er ope både for pasientar og pårørande.

Første samling er 6. november. Kurset går over fire tysdagar i november kl 12:00 - 15:00.

Usikre vidare
Mange opplever ei form for usikkerheit rundt korleis livet skal gå vidare, og dei har mange tankar om korleis dei skal kome seg tilbake til ein så normal kvardag som mogleg.
Kreftkoordinatorane vil sjå mennesket bak diagnosen, og dei vil sjå menneska som står rundet den kreftramma. Det er Kreftforeninga som har utvikla kurset for å gje ei hjelp til både kreftramma og deira pårørande. Deltakarane får hjelp til å rydde opp i det kaoset mange opplever, og dei får råd om korleis dei skal kunne vende tilbake til kvardagen. Det handlar rett og slett om auka livskvalitet, få lyst på livet att.

Formålet med kurset
Deltakaren skal få:

  • Praktiske tips og øvelsar som kan gjere det lettare å handtere kvardagen
  • Større kjennskap til korleis tankar påverkar følelsar
  • Auka kunnskap om korleis tankar påverkar på måtar vi opplever livet - særleg når det røyner på
  • Moglegheit til å utveksle erfaringar og synspunkt med andre i samanliknbar situasjon

Kreftkoordinator sine oppgaver

  • Kreftkoordinatoren er tilsett i kommunen. Oppgåvene til kreftkoordinator er m.a: Gi støtte, råd og rettleiing til deg som har, eller har hatt kreft, og til pårørande.
  • Koordinerer og tilrettelegg kvardagen for kreftsjuke og pårørande på ein best mogleg måte.
  • Gi informasjon om tilbod og tenester - både innanfor og utanfor kommunen.
  • Samarbeider med fastlegar, ressurssjukepleiarar, skular, barnehagar med fleire.
  • Sørger for oppfølging av barn og unge som pårørande

Kontakt for media:
Interkommunal kreftkoordinator, LMT Setesdal: Linda Hanisch, Tlf. 900 16 782, e-post: linda.hanisch@e-h.kommune.no