Kulturprisen 2014 gjekk til leiarane av Austad leikarring: Ragnhild Sordal, Tove Heia, Irene Moe og Liv Åsne Austad Andersen. Vinnarane fekk kvar sin vase frå Glashytta og blomar.

Kulturprisen blir delt ut annankvart år, og det er Kultur og oppvekstutvalet som vedtek vinnarane.  I år var det dei ovafornemnde som fekk prisen for sitt arbeid med Austad leikarring.

Me gratulerer alle vinnarane og håper dei held fram med arbeidet sitt!