Ved søknadar om motorferdsel i utmark og vassdrag skal ein nytte digitalt søknadsskjema som ligg på kommunen si heimeside. Vi ber publikum lese nøye innleiinga på skjemaet og sette seg godt inn i «Retningsliner for handsaming av søknader etter motorferdselslova for Bygland kommune» før de eventuelt tek kontakt med kommunen.

Nokre av spørsmåla kan virke litt unødvendige, men for å dekke behovet for fleire ulike søknadar som t.d. helikoptertransport mfl. må vi ha skjemaet slik. Er det noko som krev nærare forklaring og om trasar, eigarforhold, grunngjeving av behovet eller anna ber vi deg føre på dette i merknadsfeltet for trase eller under andre opplysningar. Det er ikkje nok å vise til søknad eller vedtak de hadde sist. Dette vil kunne spare oss og dykk for telefonar og e-postar. 

Kvar søknad omhandlar 
Det er berre mogleg å søke om ein type transport pr. søknad. Ein kan altså berre krysse av eit alternativ under «Søknaden gjeld». For dei fleste er det snakk om å søke om «Løyve for transport av bagasje og utstyr til hytte som ligg meir enn 100 m i luftline frå vinterbrøytt veg». Formålet her er transport av bagasje og utstyr som brensel, møblement m.m. som trengst på hytta. 

SVR eller naturreservat
Søknadar om motorferdsel som går inn i landskapsvernområdet Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane eller inn i naturreservat sendast til kommunen, kommunen sender så søknaden vidare til verneområdestyret for SVR / Statsforvaltaren i Agder for avgjerd etter verneforskrifta. Kommunen tek avgjerd etter motorferdselslova.

Utsending av vedtak
Kommunen sender ut vedtak på digital post. Adressa de opplyser i søknaden må vere den adressa som er registrert i folkeregisteret om vedtaket skal kome fram.

Fleire hytter i kommunen
Om du har familierelasjonar som tilseier at du vil søke løyve inn til fleire hytter i kommunen er det nok med ein søknad. Ligg hyttene langt frå kvarandre må du legge ved to kart som syner køyretrase. Hugs å før opp startpunkt og endepunkt med gnr./bnr. for alle traseane. Under andre opplysningar kan du forklare nærare kven som eig dei enkelte hyttene. Det går òg greitt om du fyller ut to søknadar, men då vil du risikere å få to løyver.

Trase
Trase skal vere kortaste køyreveg mellom brøyta veg og hytta. I enkelte tilfeller kan det vere behov for alternativ trase, t.d. når hovudtrase går over regulert vatn. Alternativ trase skal merkast på kartet og grunngjevast i søknaden.  

Dato/tidsrom
Ein kan søke om snøskuterløyve fram til og med 30.04.2027. Leigetakerar må ha avtale på minst to år for å få løyve. Løyve for leigetakerar av hytte blir gitt i samsvar med leigeavtalen si lengde, men ikkje ut over 30.04.2027.

Tal på turar
Her fører du opp kor mange turar du forventar er behovet i den perioden du søker om løyve. Bygland kommune har ikkje praktisert å avgrense talet på tura for frakt av bagasje og utstyr inn til hytte, men for enkelte søknadar, som t.d. helikoptertransport og snøskuterløyver inn i SVR gir ein berre løyve til eit avgrensa tal på transportar.   

Kart
Vi bruker kartet som ligg ved søknaden i løyvet. Kartet må difor vere godt lesbart og køyretrase må gå klart fram av kartet. Er kartet for dårleg vil de bli bedt om å lage eit nytt på oppgjeve e-postadresse i søknaden. Alle søknadar må ha kart lagt ved der trase er teikna inn. 

Kartløysingar og teikne trase på kart
Kart som gir gode fargekontrastar er: 

Norgeskart https://www.norgeskart.no
Zoom deg inn på kartet til du får ønska kartutsnitt, trykk på menyknappen  "Søk i norgeskart"
Trykk så på tegne og måle. Der kan du teikne inn linje (trase) i ulike fargar (bruk raud på hovudtrase) og tjukkleikar, sette inn tekst m.m. Om du har gjort feil kan dette endrast ved å gå inn på rediger og klikke på linja eller teksten som skal redigerast. For å lagre kartutsnittet ditt går du ut av tegne og måle ved å trykke på X og deretter inn på meny igjen. Trykk så på skriv ut, vel målestokk som dekker ynskja kartutsnitt. Trykk så på generere utskrift. Du vil så kunne opne bildet som ei pdf-fil. Du lagrar så denne pdf-fila på pc. Når du så har fylt ut søknaden, kan du laste opp kartet du ha lagra.

Gardskart på nett https://gardskart.nibio.no 
Her vil ein kunne søke opp eigedomen hytta ligg på direkte ved å fylle inn gnr. og bnr. og eventuelt fnr. I menyen til venstre kan ein velge farge eller raster på kartet. Det er òg mogleg å krysse av for eiendomsgrenser, høydekurver (for tydlegare å sjå desse gjennom fargelagt eigedom), bygg m.m. Teiknefunksjonen finn de oppe markert som ein blyant.
Skal de redigere trykker de på endre og så på linja de skal redigere.
For å lagre kartutsnitt trykker ein på "Lag pdf for utskrift/lagring". Justerer så målestokken til eigna kartutsnitt og trykker så på "Lagre fil for utskrift". Deretter kan du trykke på hent utskrift. Du får då opp ei pdf-fil som du kan lagre på pc ved å trykke på fil og lagre som. Når du så har fylt ut søknaden, kan du laste opp kartet du har lagra.