Vaksinasjon

Du kan møte opp i leilegheita på Byglandsheimen desse dagane:

  1. torsdag 27. april kl. 10 - 14
  2. torsdag 11. mai kl. 10 - 14

Folkehelseinstituttet si tilråding

Fokehelseinstituttet (FHI) tilrår at følgjande bør vaksinere seg med ein oppfriskingsdose våren 2023:

  • Personar i aldersgruppa 75 år og eldre
  • Bebuarar på sjukeheimar der det har gått meir enn 6 månader sidan førre dose

Ein ny dose vil vere særleg aktuell dersom du ikkje tidlegare har hatt koronasjukdom, og dersom du i tillegg til høg alder (75 år eller eldre) har ein sjukdom eller tilstand som gir auka risiko for at koronasjukdomen kan bli alvorleg dersom du bli smitta.

Kombinasjon av infeksjon og vaksinasjon gir betre vern enn vaksinasjon aleine, og held seg godt over tid. Behovet for ny dose denne våre er difor lågare dersom du i tillegg til vaksinasjon også har gjennomgått koronasjukdom

Folkehelseinstituttet ser det som sannsynleg at det vil kome ei tilråding om ytterlegare ein ny dose til dei eldste til hausten, før vintersesongen 2023 - 2024. For at det skal kunne gå tilstrekkeleg tid før den planlagde haust-dosen, bør du oppsøke vaksinasjonstilbodet i kommunen der du bur så snart som mogleg og helst i løpet av april.

Risikogrupper

Med risikogrupper meiner ein poersonar med auka risiko for alvorleg forløp av koronasjukdom. 

Du kan sjå oversikta over risikogrupper på Folkehelseinstituttet sine sider HER