Drop-in vaksinasjon

Det må vere minst 4 månader sidan dose 3 og du må ikkje hatt koronasjukdom etter den siste dosen med vaksine. Andre som ikkje er fullvaksinerte kan og møte til vaksinering.

Her kan du møte opp og få vaksinen

  • Drop-in på nordsida av Byglandsheimen 9. juni mellom kl. 10 og 12

Informasjon frå Folkehelseinstituttet om 2. oppfriskingsdose

Tilbod om 2. oppfriskinsdose til personar 80 år og eldre
Folkehelseinstituttet vurderer at det basert på den kunnskapen vi har i dag og situasjonen i Noreg ikkje er grunnlag for å gi ei generell tilråding om ein 2. oppfriskingsdose (dose 4) til alle eldre. Folkehelseinstituttet har likevel opna opp for at peronar på 80 år og eldre som har fått 3 dosar og ikkje har hatt koronasjukdom etter dette, kan få ein ny oppfriskingsdose (dose 4) om dei ønskjer det. Dosen kan tidlegast bli gitt 4 månader etter siste oppfriskingsdose (dose 3). Ein  ny dose no vil ikkje utelukke eit behov for ytterlegare oppfriskingsdose til hausten når ein forventar auke i smitten.

Oppfriskingsdosar til personar med alvorleg nedsett immunforsvar
Personar med alvorleg svekka immunforsvar blir tilrådd 3 dosar i grunnvaksinasjonsserien i tillegg til ein oppfriskingsdose 3 månader etter dose 3. For denne pasientgruppa er det framleis mange som ikkje har tatt den tilrådde oppfriskingsdosen (dose 4). Det er difor viktig at fleire gjer det, for å minke risikoen for alvoreg  koronasjukdom.

I tillegg er det opna for at enkelte personar med alvorleg svekka immunforsvar, etter individuell vurdering av behandlande lege, kan bli tilbydd ytterlegare ein oppfriskingsdose. Dersom det er aktuelt med vaksinasjon av personar med alvorleg svekka immunforsvar utover dei 4 dosane som er tilrådd, er det opp til behandlande lege å vurdere kva vaksine og kva doseintervall det er mest føremålstenleg å bruke. For å oppnår effekt av ein oppfriskingsdose blir det tilrådd eit intervall på minimum 3 månader frå førre dose.