Det er estimert at i overkant av 100.000 innbyggarar i Noreg har avgrensa digitale ferdigheiter og ikkje kan bruk www.helsenorge.no og det digitale koronasertifikatet. For å ta vare på desse innbyggarane, har FHI utvikla ein web-applikasjon som gjer det mogleg for sakshandsamarane ved Helfo å bistå ikkje-digitale brukarar som tar kontakt via telefon til informasjonstelefonen for korona.

Følgjande informasjon kan brukast i møte med ikkje-digitale brukarar. Vi understreker bodskapen om at dei som kan bruke digitalt koronasertifikat, bør gjere det.

Frå torsdag (24. juni) kan du som ikkje kan bruke smarttelefon, PC eller nettbrett få tilsendt koronasertifikat i posten.

Tenesta kan brukast om du er vaksinert eller immun etter gjennomgått covid-19.

Sertifikatet har to delar:

  • Koronasertifikat for innanlands bruk
  • Koronasertifikat for å passere grenser i EU- og EØS-området

Treng alle koronasertifikat?

Du treng ikkje koronasertifikat med mindre du skal ut og reise til land som krev koronasertifikat for innreise, for å unngå karantene når du reiser inn i Noreg, om du ønskjer å delta på større arrangement eller kystcruise med krav om koronasertifikat.

Ved å logge inn på http://www.helsenorge.no får du tiltang til ditt digitale koronasertifikat. Personar som ikkje kan bruke den digitale løysinga, kan bruke fullmaktsløysinga på Helsenorge for å få hjelp til å skrive ut eit, til ein kvar tid, gyldig koronasertifikat.

Frå i dag kan ein og ta kontakt med Helfo for bistand til å få ei utskrift sendt heim til di folkeregistrerte adresse. Sjå meir informasjon under.

Vi tilrår at alle som kan, bruker den digitale løysinga

Det digitale koronasertifikatet på www.helsenorge.no blir oppdatert automatisk, og er gyldig i 90 dagar (til ei kvar tid). Du kan laste ned ditt digtale koronasertifikat til din mobiltelefon eller nettbrett. Det er ikkje naudsynt med utskfirt av sertifikatet om du har dette digitalt. Om du likevel ønskjer ei utskrift, ber vi om at du ordnar dette sjølv.

Framgongsmåte for bistand til ikkje-digitale innbyggjarar

  1. ha klart fødselsnummer eller d-nummer
  2. Ring informasjonstelefonen for korona:
    • Opningstid kl. 08:00 - 15:00, måndag til fredag
    • Frå Noreg: 815 55 015
    • Frå utlandet: +47 21 89 80 42

Sakshandsamar vil be deg om ditt fødsels- eller d-nummer, og be deg opplyse om namnet ditt og di folkeregistrerte adresse. Om namnet og adressa du opplyser om ikkje stemmer med det som visast som folkeregistrert adress i vårt system, kan du diverre ikkje få tilsendt koronasertifikatet. Du må då kontakte folkeregisteret for å avklare kva som er registrert på deg. Om du har gyldig koronasertifikat, vil du få dette tilsendt pr. post.

Du må sjølv vere merksam på gyldigheitsdatoen som er 90 dagar frå utskriftsdatoen.