Når blir du oppfatta som eigar av ein heimlaus katt?
Om du gjev ein katt omsorg slik at den blir avhengig av deg, kan du juridisk sett bli sett på som eigar av katten. Det betyr at om du matar ein eller fleire kattar, og det utviklar seg til at katten oppheld seg i nærleiken og forventar å bli fora og oppfattar deg som omsorgsperson, har du etter dyrevelferdsloven tatt på deg ansvaret for desse kattane. Om du påtar deg eit slikt ansvar, betyr det at du har ansvaret for foring, stell, helsehjelp og annan oppfølging av katten, og også eventuelle ungekull. Du har plikt til å kontakte veterinær om katten blir sjuk eller skada.

Dette bør du gjere for å unngå fleire heimlause kattar:

  • Du bør få merka katten din med elektronisk ID-merking med microchip. Då går det raskt å finne namnet og telefonnummeret ditt om katten din kjem bort
  • Du bør kastrere eller sterilisere katten for å unngå uønska kattungar. Det dempar og utferdstrangen til katten
  • Du kan gjere mykje for å hindre at det blir fødd uønska kattungar. Om katten din føder undar på ein bortgøymd stad, kan kattungane lett bli sky for menneske, og det blir vanskeleg for deg å ta ansvar for dei og sørge for at dei har det bra
  • Du må planlegge før du får deg katt. Kattar er ikkje eit leiketøy som ein har i ein kort periode
  • Kattar kan leve i over 20 år. Når du tar til deg ein katt, må du vere førebudd på kor lenge du faktisk har ansvaret for denne katten. Om du ikkje kan ha katten lenger, må du sjølv sørge for å få den omplassert eller avliva. Du må ikkje gløyme at katten din er avhengig av deg så lenge den lever
  • Om katten din kjem på avvegar og blir fora av andre, vil den fort kunne slå seg til i nabolaget hos den nye omsorgspersonen
  • Alle må vere klar over at om dei forar ein katt som er på avvegar, gjer dei den avhengig av seg, og då har dei etter loven påtatt seg ansvare for at katten har det bra
  • Ver merksam på at du ved å ville vere snill mot kattane og gje dei mat, veldig fort kan legge til rette for at nokre få kattar blir til ein stor kattekoloni som ingen tar ansvaret for. Kattar formeirar seg raskt. Fjern difor matrestar og annan søppel som kan vere mat for smågnagarar eller kattane sjølve. Slike yngleplassar kan skape store problem i lokalmiljøet. Kattane har det ofte ikkje bra, og dei kan bli avmagra, sjuke og redde

HER kan du lese meir om dette (Mattilsynet sine sider)