Jula er som eitt forstørrelsesglass. Riktignok blir glade stunder gladare, men det som er vanskeleg blir også ofte endå verre i høgtida. Og dessverre får alt for mange barn si julefeiring prega av foreldra sitt alkoholforbruk.

Kvifor bør vi tenke oss om?
Alkovett handlar om å tenke over om du vil drikke, og når du skal stoppe. Å bruke alkovett er spesielt viktig i jula, når mange av oss er mykje saman med barn.

Alle barn er ulike og har ulike grenser for kva dei tykkjer er greitt og ikkje greitt. Men, det som er sikkert, er at barn merker at vi er påvirka av alkohol fortare enn det vi gjer sjølve.

Når vi drikk alkohol, kan det vere vanskeleg for oss vaksne å oppdage når det går frå triveleg til ubehageleg for barna. Barn trivst best med vaksne som oppfører seg som dei gjer til vanleg. Plutseleg og uforklarleg åtferdsendring skapar utrygge og kan vere vanskeleg for små å forstå. Barn som ser sine foreldre ruspåvirka, likar det ikkje - sjølv om det skjer sjeldan.

Skal du feire jul med familien, og spesielt dei minste, er det difor spesielt viktig at du tenker over korleis ditt alkoholforbruk påverkar dei rundt deg.

Våg å sei frå
I alt for mange familiar kan alkohol vere ei kime til konflikt. Det kan vere vanskeleg å sei frå om nokon ein er glad i drikk så mykje at det går utover julestemninga kvart år. Sjølv om det virkar vanskeleg å ta "praten", fortener barna at vi vaksne tør snakke om ubehageleg alkoholbruk med dei vi skal feire jul med.

Vil du lese meir?
Les meir på AV - OG - TIL sine nettsider

AV - OG - TIL har lansert ein video i samband med julekampanjen. Den ser du HER