Kvar morgon står barn og unge opp i dette landet og lurer på korleis dei skal komme seg gjennom dagen. Dei lurer på korleis dei skal klare å hindre at mamma eller pappa drikk for mykje. Og korleis dei skal passe på dei dersom det skjer. Dei planlegg korleis dei skal oppføre seg for å halde humøret til alle i familien oppe. Dei beskyttar, dei pleier, dei klovnar. Dei blir små politimenn, sjukepleiarar og komikarar. Dei tek på seg ei vaksenrolle.

I alle lokalsamfunn finst det barn som opplever at dei vaksne drikk for mykje. Og det er fleire enn vi trur. For desse barna er julefeiringa ekstra utfordrande. Det er høge forventingar til at jula skal vere perfekt og lykkeleg. I det verkeleg livet er det dessverre ofte ganske annleis.

  • Mange barn har eit tungt ansvar kvilande på dei små skuldrene sine. For desse barna er høgtida prega av stress og foreldra si drikking. Dei gler seg ofte til jula er over, seier dagleg leiar i AV-OG-TIL, Kari Randen.

Desember er ein av dei absolutt fuktigaste månadene i året og er fylt av festlege høve. Når alkoholkonsumet i befolkninga stig, får det konsekvensar – også for dei minste. AV-OG-TIL oppmodar i samarbeid med Bygland kommune, derfor alle foreldre til å tenkje gjennom alkoholbruken sin når dei er saman med barn og unge.

  • Barn reagerer ulikt når dei vaksne blir rusa. Enkelte tek på seg ei ansvarsrolle, andre kan bli klengjete, mens atter andre igjen trekkjer seg tilbake. Det som er felles for dei aller fleste barn, er at dei ikkje liker å sjå foreldra rusa, sjølv om det berre skjer ein sjeldan gong, seier Wenche Hægeland i Bygland kommune.

I Bygland kommune vil me i år dele ut brosjyrar og litt anna i alle barnehagar nå før jul. Det fordi vi ønskjer å sette fokuset på temaet, og at foreldre skal tenkje igjennom korleis eige alkoholbruk påverkar barna.

AV-OG-TIL har laga tre sterke filmar for å formidle problemstillinga og for å minne vaksne på å tenkje over alkoholbruken saman med barn. Sjå filmane på Facebook-sida til AV-OG-TIL her https://www.facebook.com/avogtil?_rdr=p eller på heimesida til AV-OG-TIL her http://avogtil.no/jeg-vil-ikke-bli/ 

AV-OG-TIL sine råd for ei god julefeiring:

  • Bruk alkovett. Tenk over på førehand om eller kor mykje du skal drikke saman med barna. Diskuter gjerne på førehand med dei du skal feire jul saman med.

  • Hugs at barn merkar endringa i oppførselen til dei vaksne når dei drikk, raskare enn det dei vaksne sjølve trur. «Lykkepromillen» kan sjå annleis ut for dei som er små.

  • Dersom du ser at barn har det vanskeleg på grunn av alkoholbruken til andre vaksne – ta kontakt med barnet.

  • Ta kontakt med hjelpeapparatet, til dømes barnevernsvakta, dersom du observerer omsorgssvikt. 116 111 er alarmtelefonen for barn og unge. Frå utlandet ringjer du 00 47 95 41 17 55.