Det første møtet i det nye kommunestyret blir kalla konstituerande møte.

I dette møtet vil det m.a. vere følgjande saker:

  • Godkjenning av kommunestyrevalet
  • Val av formannskap
  • Val av ordførar
  • Val av varaordførar
  • Val av kontrollutval
  • Val av plan-, miljø- og ressursutval

Det er kommuneloven (Lov om kommuner og fylkeskommuner) som seier noko om kva val som skal gjerast, og korleis dei skal gjerast.

Det som er spesielt for dette valet, er at det i juni 2018 blei vedteke ei ny kommunelov. Delar av lova tok til å gjelde då, medan den trer ikkje fullt i kraft før etter det konstituerande møtet. Det vil då seie at for Bygland kommune trer den nye lova i kraft den 16.10.

HER kan du lese meir om den nye kommuneloven.

HER er innkallinga til det konstituerande møtet

HER er lenka til streaminga