Kva blei resultatet?
Det viser seg at små kommunar scorar best på denne testen. Fedje kommune blei best med 83,3 poeng, Stordal kommune fekk 83,0 poeng og Valle kommune kom på tredje plass med 82,5 poeng.
Bygland kommune kom på ein god 43. plass - ein plass som gjev oss 5. plass i Aust-Agder.

Slik har plasseringa vore for Bygland i tidlegare testar:
2013: 60. plass
2011: 155. plass
2010: 155. plass
2009: 257. plass
2008: 201. plass
2007: 425. plass
2005: 427. plass

Testen er utført i januar og februar i 2016. Dei har testa service, tilgjenge og informasjonskvalitet. Dei har ikkje testa kvaliteten på dei ulike tenestene.

Forbrukerrådet har kontakta kommunane med spørsmål som folk flest lurar på, slik som prisinformasjon om SFO, sakshandsamingstid for byggesak og åpningstider i svømmehallen. Når dei har kontakta kommunen, har dei stått fram som innbyggjarar eller slektningar/vener til innbyggjarar.

  • Telefon: Om dei ikkje har fått svar har dei ringt ei gong til. Kvar kommune har fått tre telefonsamtalar med eitt tema pr. samtale, men med fleire spørsmål innafor temaet. Totalt er det gjort 14 vurderingar for kvar kommune utifrå desse telefonsamtalane
  • Epost: Det er sendt fire ulike epostar til kvar kommune. På bakgrunn av desse epostane er det gjort 16 vurderingar av kvar kommune
  • Internettsjekk: På kvar kommune sine nettstader har dei leita etter 17 informasjonselement frå ulike tenestesektorar. Kvar nettside har blitt sjekka to gonger

Korleis blir resultatet rekna?
Det er sett saman eit vekta gjennomsnitt, slik at enkelte tema tel meir enn andre. Tekniske tenester veg tyngst, med 27,5%, Pleie og omsorg veg 17,5%, Helse veg 15%, Barn og skule og Kultur og fritid veg båe 12,5%, Sosiale tenester veg 10% og Generelle tilhøve 5%
Karakterskalaen går frå 0 - 100, der 100 er best.

Her kan du lese meir om testen