Parti og grupper som ønskjer å stille ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023 må ha levert listeforslag til valstyret i kommunen eller fylkeskommunen innan 31. mars kl. 12.00. Fristen for innlevering er absolutt, noko som betyr at listeforslag som kjem kommunen i hende den 31. mars kl. 12.01 må bli forkasta.

Ein ting som er nytt til dette kommunestyrevalet, er at listeforslag kan leverast via ei elektronisk løysing. Det er valfritt om ein ønskjer å bruke den elektroniske løysinga, eller om ein heller vil levere listeforslaget på papir. Det er og mogleg å bruke ein kombinasjon av papir og elektronisk.

Lenke til å opprette listeforslag i listeforslagsportalen I denne lenka finn ein og ei grei rettleiing på korleis ein gjer det.

Vil du vite meir om det å stille til val? Då kan du inn på denne lenka