Det er mykje informasjon å finne om dette arbeidet hjå Regjeringa. Den informasjonen er sjølvsagt farga av at regjeringa er positiv til reforma, motforestillingar kan du t.d. finne hjå Lokalsamfunnsforeningen.

Så langt er det ikkje gjort vedtak om å vere med på noko bestemt utgreiing. Vi er med på samtalar om å greie ut eit alternativ med Åseral, Iveland, Evje og Hornnes og Bygland, eit alternativ med Sirdal, Bykle, Valle, Bygland og Vinje ("Langfjella") og alternativ som omfattar kommunane i Setesdal regionråd - Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes. Til det siste alternativet er det å seie at ein så langt kan tenkje seg fleire konstellasjonar - alle fire i lag, dei tre øvste i lag og samanslåing to og to.

Neste steg for oss er å ta stilling til kva utgreiingar vi faktisk skal ta del i. Sak om dette vil bli lagt fram til politisk handsaming enten før jul eller i første møterunde på nyåret. Då vil det også bli lagt fram til handsaming korleis prosessen skal foregå i Bygland - korleis informasjon skal gå ut til folk, når og kor vi skal ha folkemøte og så vidare.

Så er tanken (men dette skal også handsamast formelt av kommunestyret) at utgreiingane vert handsama av kommunestyret før prosessen vert avslutta med ei folkerøysting.

Med helsing

Ordførar Leiv Rygg