Dei nye kriteria inneber eit lågare innslagspunkt: Lengda på vegstrekninga har blitt kortare, færre fast busette langs vegen m.m.

Her er dei nye inngongskriteria:

  • Minimum veglengde frå offentleg veg må vere 200 meter, eller fram til husstand som mottek heimejukepleie eller heimehjelp
  • Minimun 1 fastbuande husstand
  • Eigenandel for kommunalt ansvar er i samsvar med kommunestyret sine årlege budsjettvedtak
  • Særlege tilfelle som ikkje samsvarer med kriteria blir avgjort av formannskapet etter grunngjeven søknad
  • Søknadsfrist for ordninga vil vere 1.9. kvart år. Søknadar innkomne etter denne fristen kan ikkje rekne med å bli inkludert i vintervedlikehaldet fyrstkomande sesong
  • Ordninga kan ikkje gjerast gjeldande for private som driv næringsverksemd
  • Om vér- og føreforhold tilseier det, må dei offentlege kommunale vegane bli prioriterte før det skjer brøyting/strøing på private vegar
  • Søknadar frå brukarar av heimesjukepleie og heimehjelp: Det er omsorgsnemnda i kommunen som avgjer desse søknadane

Spesielt for hausten 2019:
I og med at dette er første året kriteria gjeld, kan du søke utanom den ordninære søknadsfristen. Søknadsskjema ligg lenger nede på denne sida (eller på "Skjema A - Å")

Reglementet for dette finn du lenger nede på sida.

HER er lenke til søknadsskjema