Ein føresetnad for å kunne få tak i folk på telefon, er at vi har telefonnummeret ditt, eller også moglegheit til å finne det på nett. 

Har du hemmeleg nummer?
Om vi manglar telefonnummer, søkjer vi etter det på 1881.no eller telefonkatalogen.no. Det er ikkje alle vi klarer å finne nummeret til. Har du hemmeleg telefonnummer, eller av andre årsaker ikkje ønskjer å ha nummeret ditt på 1881.no eller telefonkatalogen.no, er det svært viktig at du sjølv tar kontakt med kommunen og gir oss telefonnummeret ditt.

Vi bed alle som veit at telefonnummeret ikkje er tilgjengeleg om å sende namn og telefonnummer til post@bygland.kommune.no eller du kan ringe til 379 34 700.