Kay Jeiskelid blir hylla som ein samfunnsbyggar og entreprenør som har gjort ein stor innsats i å skape og sikre arbeidsplassar i dalen.

I juryen si grunngjeving heiter det at næringsutvikling er hans fanesak - anten det har gått på å sleppe investorar og marknadskreftene til for å vere med og drive fram utviklinga av nye verksemder og utbyggingar på Hovden, eller det har handla om å prioritere offentlege midlar til viktige hjørnesteinsbedrifter og infrastruktur som Bykle vindu, Hovden badeland, Skigymaset, Skisenteret på Hovden eller Rv9.

Setesdalsprisen 2015 - Kay Jeiskelid, Foto: Svein Sundsdal.jpg

Meir om Setesdalsprisen
Prisen er mynta på eigarar, leiarar eller verksemder som over tid eller det siste året har representert positiv effekt og verdiskaping i eiga verksemd og nærområde.

Utmerkelsen kan tildelast etter særleg innsats eller oppnådde resultat når det gjeld å ha:

  • skapt eller sikra arbeidsplassar i regionen
  • lønsemd og verdiskaping i regionen
  • positiv merksemd og sal på vegne av seg sjølv eller bransje
  • vore banebrytande når det gjeld utvikling
  • ha utmerka seg på ein særleg positiv måte til beste for næringsliv i Setesdal

Prisen kan delast ut ei gong i året viss juryen finn gode kandidatar.

Prisen er på 10 000 kroner og eit kunstverk.

Setesdalsprisen 2015. Foto: Svein Sundsdal - NRK.jpg

Tidlegare vinnarar

  • 2014 - Terje Greibesland, Setesdal bilruter
  • 2013 - Per Birkeland, Byglandsfjord sag
  • 2012 - Alf Tore Moen, Evjeklinikken
  • 2011 - Hanna Elise og Bjørn Erling Auestad, Bykle hotell
  • 2010 - Saavi S. Nomeland, Nomeland Anlegg

Alle foto: Svein Sundsdal/NRK
Innhald henta frå nrk.no/sorlandet