Ordinær pris er kr 600 per bok - nå koster de bare kr 250! Ein perfekt jolegave!

Bygdebokverket Bygland Gard og Ætt omhandlar gardar og folk i Bygland. Gardane fylgjer rekkjefylgja i den offisielle matrikkelen, frå gnr 1 til gnr 69

Bind I kom i 2002 og tek for seg gnr 1 til gnr 6: Birkeland, Øvre og Nedre Langeid, Øvre og Nedre Hegland og Ånebjør

Bind II kom i 2003 og inneheld gnr 7 til gnr 12: Nordre og Søndre Sordal, Tveit, Nordre og Søndre Heistad og Moi

Bind III kom i 2005 med gnr 13 til gnr 17: Nordre og Søndre Austad, Ose, Skore og Kile

Bind IV kom i 2006 og tek til med ei generell innleiing for Åraksbø. Vidare finn ein gnr 18 til gnr 25: Nordre og Søndre Frøysnes, Nordenå, Gakkestad, Lidtveit, Haugetveit, Rosevall og Segberg

Bind V kom ut våren 2008 og inneheld resten av Åraksbø, gnr 26 til gnr 31: Stoplestog, Nedstoga, Eldhuset, Nordgarden, Nordre og Søndre Haugen

Bind VI kom i 2009 og inneheld gnr 32 til gnr 34: Nordre og Søndre Sandnes og Skomedal

Bind VII inneheld gnr 35 til gnr 38: Nese, Kvåle, Skreland og innleiing for Jordalsbø og Nørstebø

Bøkene kan kjøpast desse stadane:

Rysstad: Setesdalsmuseet
Ose: Coop Ose
Bygland: Haugå Landhandel, Joker Bygland, Setesdølen og Bygland folkebibliotek
Byglandsfjord: Coop Marked
Evje: Sparebanken Sør, Setesdalstrykk

Du kan og tinge bøkene frå Bygland kommune. Boka vil då bli sendt ut med rekning, med tillegg av porto