Den 1 Desember vert det Jolegrantenning klokka 17.00 i Byglandstunet. I år satsar me på meir lys enn før, og me trur nissen kjem med noko spanande i sekken! Bygland Hornmusikk vil syte for at me kjem i jolestemning med å spele jolemusikk. Kanskje tek me nokre rundar rundt treet, før me gjeng i fakkeltog til Vonheim. Her vert det servert Jolegraut. Etter dette vil korpset ha sin kranskekakebasar! Ein heilaften her altså! Velkomen skal du vere!
Arrangørar: Joker Bygland, Bygland Frivilligsentral, Frivillige og Bygland Hornmusikk.

Vil du fortsetje jolestarten, kan du dra til Byglandsfjord på sundag 3, då vert det jolegrantenning med program her og!