Kvifor ta jodtablettar?
Ved ei atomulykke kan radioaktivt jod bli spreidd via lufta og bli tatt opp i skjoldbruskkjertelen når ein pustar inn forureina luft og/eller et forureina mat og drikke. Tilskot av naturleg jod blokkerar opptaket av radioaktivt jod i skjoldbruskkjertelen og reduserer risikoen for å få kreft i skjoldbruskkjertelen. Jodtablettar verner bare mot radioaktivt jod, og ikkje mot andre radioaktive stoff.

Råd om å ta tablettane vil ofte bli gitt saman med eit råd om å opphalde seg innandørs i opptil 2 døgn. Det er difor viktig å ha tablettane lagra heime.

Når skal ein ta desse tablettane?
Ein skal kun ta tablettane etter råd frå myndigheitene. I høve ei atomulykke, vil råd bli gitt gjennom media, relevante myndigheiter og www.stralevernet.no. (OBS: ny adresse frå 1.1.2019: www.dsa.no) og www.helsenorge.no.

Kven skal ta jodtablettar?
Det er spesielt viktig at barn og unge under 18 år, gravide og ammande tar tablettane, fordi dei har størst risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen etter å ha blitt utsett for radioaktivt jod. Det kan i heilt spesielle situasjonar og vere aktuelt med tabletter for vaksne mellom 18 og 40 år, medan dei over 40 år har svært liten risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen, og treng ikkje ta jodtablettar. Personar som har operert bort skjoldbruskkjertelen treng ikkje ta jodtablettar.

Myndigheitene vil gi nærare råd om kva grupper av befolkninga som skal ta tablettane ved ei atomulykke.

Kor mykje jodtablettar skal ein ta?

Bruk ikkje jodtablettar:

  • dersom du er allergisk for kaliumjodid eller andre stoff i legemidlet (dette finn du i pakningsvedlegget)
  • om du har betennelse i skjoldbruskkjertelen (thyreoiditt)
  • om du har forstyrrelsar i skjoldbruskkjertelfunksjonen
  • om du har dermatitis herpetiformis (Duhrings sykdom)

Har du spørsmål om jodtablettar? Ring Helsenorge på 815 55 015

Du finn og meir informasjon om jodtablettar på www.stralevernet.no (ny adresse frå 1.1.19: www.dsa.no) og www.helsenorge.no

På stårlevernet sine nettsider, finn du denne informasjonen på ulike språk.