I Bygland kommune er det jodtabletter til alle under 18 år, gravide og ammande. Dei er lagra på kommunehuset og det er utarbeidd rutinar for utdeling av tablettar på Bygland oppvekstsenter, Byglandsfjord oppvekstsenter, KVS og på legekontoret på Bygland.

Andre mellom 18 og 40 år vert tilrådd å sjølv skaffe tabletter.

Jodtablettar skal berre takast etter råd frå myndigheitene. I tilfelle ei atomulykke, vil råd bli gitt gjennom media, relevante myndigheiter og på dsa.no.

Bygland kommune vil følgje den gjeldande rutinen for utdeling av jodtablettar om det skulle bli naudsynt.