Innbyggjarundersøking

Vi ligg nærme snittet i Noreg innanfor fleire av kategoriane.

Av tenesteytingane er det pleie og omsorgstenesta, legetenesta og bibliotektenesta innbyggjarane er mest nøgd med. Dei resterande teneste ligg omtrent på landssnittet. Ingen av tenesteytingane kjem dårlegare ut enn snittet.

Dei som ikkje hadde nytta ei eller fleire av tenestene, fekk spørsmål om kva inntrykk dei hadde av tenestene. Deira tilbakemeldingar gav eit dårlegare snitt enn tilbakemeldingane frå dei som har nytta tenestene. Spesielt med omsyn til legevaktordninga, så er det markant skilnad (3,4 mot 4,8).

Levekår som går på trivsel og tryggleik, er innbyggjarande godt nøgd med.

Innbyggjarane er ikkje så nøgd med moglegheitene for å få arbeid nærme heime og moglegheitene for å etablere næring i kommunen. Kollektivtilbodet i kommunen er dei heller ikkje nøgd med. 

Innan servicenæringar som kafear, bank, butikkar, saknar dei eit større tilbod.

Innbyggjarane har tillit til at politikarane arbeider for innbyggjarane sitt beste, men dei trur ikkje at kommunen har eit godt omdømme utanfor kommunegrensa.

Undersøkinga opna for å kome med tilbakemelding på kva kommunen har lykkast med og ikkje har lykkast med dei siste to åra og konkrete forslag til forbetringar. Desse tilbakemeldingane vil vi samanstille med innspela frå dialogmøta vi har hatt i haust. 

Einingane vil nytte informasjonen frå undersøkinga i sitt forbetringsarbeid og i tillegg vil han bli nytta i arbeidet med revideringa av kommuneplanen.