Resultatet frå innbyggarundersøkinga vil bli nytta i vårt pågåande forbetringsarbeid og vere eit av fleire innspel til vårt arbeid med å revidere kommuneplan.

Deltaking i undersøkinga er frivillig, men vi håpar at så mange som mogleg kan tenkje seg å hjelpe oss med å skape eit betre tenestetilbod til innbyggjarane i kommunen vår. Vi håpar du har lyst til å vere med og ta deg tid til å svare på undersøkinga. Ved å få dine erfaringar og synspunkt kan vi få ei oversikt over kva vi er bra på og kva vi bør forbetre oss på.

Innbyggjarundersøkinga som kommunen brukar, er utarbeida av KS (Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon), og blir nytta av mange kommunar i Noreg. 

Korleis svare på undersøkinga
Undersøkinga er i utgangspunktet lagt opp som ei digital undersøking. Det vil seie at du tek kontakt med kommunen på e-post til brukarundersoking@bygland.kommune.no. Du vil så få ein e-post med retningsliner om korleis du gjennomfører undersøkinga. Du kan nytte både pc, smarttelefon og nettbrett. 

Dersom du ikkje ønskjer å gjennomføre undersøkinga digitalt, men ønskjer å delta, kan du ta kontakt med fagleiar plan - Sonja Lien Skjevrak - på tlf 901 51 154, så skal vi leggje til rette for dette.

Alle innbyggjarar i kommunen frå 18 år og oppover er i målgruppa for undersøkinga.

Alle svara blir behandla anonymt og skjer i samsvar med Datatilsynet sine reglar for personvern.

Frist for å melde di interesse er 22. september 2019.

Dersom du treng hjelp til å gjennomføre undersøkinga, kan du kome til publikumsmottaket på kommunehuset mellom kl 10-14. Du vil òg få hjelp på Seniorkafé på Frivilligsentralen og på Seniortreff ved Seniorsenteret på Byglandsfjord.

Resultat frå undersøkinga vil bli offentleggjort på kommunen si heimeside, facebookside og i Byglandsnytt.

Dersom du har spørsmål om undersøkinga, så kan du ringe Bygland kommune, v/fagleiar plan - Sonja Lien Skjevrak - på tlf 901 51 154.

Takk for hjelpa!

Venleg helsing
Bygland kommune