Kjernejournal er ei ny elektronisk teneste. Den viser helseopplysningar som er spesielt viktig om du treng akutt hjelp, og får behandling ein stad du ikkje har vore før. Kjernejournal er eit supplement til pasientjournalar hos fastlege, legevakt og sjukehus.

I dag er det mange som trur at helsepersonell kan sjå opplysningar på tvers av behandlingsstader, men det kan dei ikkje. Om du fell om på gata og blir køyrt på legevakta, har dei ikkje automatisk tilgong til opplysningar om det, men må finne dette manuelt. Det kan ta tid. Her vil kjernejournal vere til stor hjelp, seier divisjonsdirektør Anne-Lise Härter i Direktoratet for e-helse.

Sørlandet først ut i 2016
Rundt 2,5 millionar innbyggjarar har fått sin kjernejournal, og første sjukehus som skal ta dette i bruk i 2016, er Sørlandet sykehus. 1. mars blir det automatisk oppretta ein kjernejournal for alle med folkeregistrert adresse i kommunane som soknar til Sørlandet sykehus

Kva står det i kjernejournalen?
Kjernejournal viser opplysningar om deg som allereie finns i offentlege register: Kven som er din fastlege, kva legemidlar du har henta på resept, samt oppdatert kontaktinformasjon og namn på næraste familie. Om du har vore til behandling på sjukehus etter 2008, står det og tidspunkt for besøket og kva avdeling du har vore på. Det vil ikkje stå noko om diagnoser eller notat legen har skriva i samband med behandlinga.

Du kan sjølv registrere kontaktpersonar, sjukdommar og om du har utfordringar med syn, høyrsel eller språk.

Har du alvorlege allergiar eller ei sjeldan liding som det er viktig for helsepersonell å kjenne til, kan du be legen din registrere dette i din kjernejournal neste gong du har time.

Kvar finn du kjernejournalen din?
Du kan logge deg inn med elektronisk ID (BankID, Buypass eller Commfides) og sjå kjernejournalen din via helsenorge.no

Om du har spørsmål om kjernejouirnal eller andre tenester på helsenorge.no, kan du ringe brukarstøtte 800HELSE (800 43 573)

Direktoratet for e-helse har laga ein film som viser eit eksempel på korleis ein oppdater kjernejournal kan redde liv i akutte situasjonar: Sjå filmen HER