Av og til kjem det innlegg som vi diverre ikkje kan publisere, og det har sin bakgrunn i vår vedtekne informasjonsplan. Vi har forståing for at dette kan opplevast negativt hjå innsendar, men det har si forklaring.

Jamfør vedteken "Strategisk informasjonsplan" (23.3.17) er vår offisielle Facebook-side ein informasjons- og kommunikasjonskanal for administrasjonen. Administrasjonen kan i tillegg informere om offentlege arrangement og liknande, samt svare på spørsmål frå innbyggarar og andre som vedkjem Bygland kommune sin administrative funksjon.

Alle ytringar på kommunen si Facebook-side skal vere politisk og religiøst nøytrale, og må ikkje virke diskriminerande på nokon måte. Administrasjonen vil difor ikkje leggje opp til offentleg debatt på kommunen si Facebook-side, då dette fort vil kunne kome i strid med dei nemnde retningsliner. Bygland kommune har stor forståing for at innbyggarar er engasjerte i saker som angår lokalsamfunnet - både som forkjemparar og motstandarar - men kan diverre ikkje publisere innlegg som er i strid med våre retningsliner.

Om ein ønskjer å rette ein formell førespurnad til kommunen, kan ein sende den til post@bygland.kommune.no, så vil denne bli handsama i tråd med våre sakshandsamingsrutinar.