Bakgrunnen for denne saka er eit vedtak (bestilling) frå kommunestyret til kommunedirektøren i budsjettmøtet i desember i 2020:

"Kommunestyret legg til grunn at begge oppvekstsentra består. Kommunedirektøren vert beden om å gjennomføre ein prosess for å sjå på dagens skulestruktur i kommunen. Prosessen må gjennomførast slik at alle som vert berørt av ein evt endring av struktur, vert involvert, dvs foreldre/føresette, elevar, lærarar og tillitsvalde ved båe oppvekstsentra. Resultatet av prosessen vert å leggje fram for kommunestyret for vidare handsaming innan 15.04.21"

Kommunedirektøren har over tid arbeidd med denne saka, og har i samband med den bede Telemarksforskning om å sjå på skulestrukturen i kommunen.

Telemarksforskning har levert ein rapport der dei går gjennom ulike moment i høve denne saka. Rapporten er ein del av eit heilheitleg grunnlag for avgjersle, og den vil bli gjort tilgjengeleg på heimesida når saka er ferdig frå kommunedirektøren og levert til politikarane for handsaming.

Denne saka skal til handsaming i fleire utval. Det første utvalet som skal handsame saka er Bygland ungdomsråd. Dei skal ha møte måndag 15. november, og dokumenta vil bli gjort tilgjengelege på heimesida måndag 8. november.