Søknadsfristen er 20. august for alle ordningar med unntak av tilskot til drift av beitelag der søknadsfristen er 1. november.

Fylkesmannen oppmodar alle til å søkje om tilskot til regionale miljøtiltak elektronisk via Altinn frå 1. august. Dei oppmodar om at de søkjer i god tid før søknadsfristen. Sjå rettleiar om elektronisk søknad som ligg både på nettsidene til Landbruksdirektoratet og Fylkesmannen. Direkte lenke til søknadsskjema finn du HER.

Om du søkjer RMP-tilskot for første gong, rår vi at du søkjer produksjonstilskot minst ein dag før. Då vil dei eigedomane du søkte produksjonstilskot for allereie ver fylt ut. Om du har ein godkjent RMP-søknad frå 2015, vil eigedomane frå denne vere førehandsutfylte på eigedomslista i Altinn.

Om du ikkje kan søkje om regionale miljøtilskot elektronisk, kan du laste ned søknadsskjema frå Fylkesmannen si nettside. På desse sidene vil du og finne informasjonshefte om tilskotsordningane og all annan informasjon om regionalt miljøprogram for jordbruket i Aust-Agder og Vest-Agder.