Regjeringa har avgjort at barnehagar, skolar og SFO skal gå over til grønt nivå.

Grønt nivå betyr at vi ikkje brukar kohortar. Ved grønt nivå skal ein likevel halde seg heime om ein er sjuk. Ein skal og framleis oppretthalde tiltak i høve god handhygiene.

Folkehelseinstituttet har presisert at barnehagar og skolar er trygge stader å vere, også når det er høge smittetall.

  • Vaksinen gir veldig godt vern mot alvorleg sjukdom
  • Det er ikkje vesentleg meir smitte blant tilsette i barneagar og skolar, enn blant andre vaksne
  • Barn og unge blir sjeldan alvorleg sjuke av korona
  • Jamnleg testing er eit effektivt smitteverntiltak

Bygland kommune har fått tilsendt nok sjølvtestar, og samstundes fått melding om at vi får det vi treng. Vi minner om at alle kan bestille og hente sjølvtestar også i helgene. Les meir om dette HER 

Vi er no over i en ny fase i pandemien. På grunn av at kommunen har kome langt i høve vaksinering av innbyggjarane, er det viktig at ein legg opp til ein kombinasjon av vaksine og smitte for å oppnå god immunitet.

Kommuneoverlegen seier at kommunen følgjer nøye med i utviklinga i smittesituasjonen, og justerer fortløpande tiltaksnivået i tråd med utviklinga. Barnehagane og skolane har beredskap for rask overgong til strengare tiltaksnivå.

Vi vil oppmode alle til å vaksinere seg. Ta kontakt med Kjersti Plathe på tlf. 952 15 572 om du ønskjer å vaksinere deg, anten det er første, andre eller tredje dosen.