Situasjonen blir følgd nøye av kriseleiinga i kommunen, og skulle det bli påvist smitte hos personar i kommunen, er vi i beredskap. Vi har etablert smittesporingsteam, team for testing og kriseleiinga vil umiddelbart vurdere kva tiltak som skal/må setjast i verk.

Det er no sers viktig at vi alle, sjølv om vi byrjar å bli lei denne unntaks-situasjonen, er nøye med å følgje dei smittevernråda som er gjevne, slik at vi framleis kan unngå smitte i kommunen.

Generelle smittevernråd for Bygland kommune finn du HER

Kriseleiinga skal ha møte tysdag 13.10, og informasjon om situasjonen og evt. nye tiltak for å forhindre smitte, vil bli publisert etter dette møtet.

Sigbjørn Åge Fossdal
ordførar