Bygland kommune er no i gong med digital forsendelse av post til og frå kommunen. Me har arbeidd ei tid med å leggje til rette for dette, og no er me så smått i gong.

Mottakarar av brev kan i ein periode oppleve å få to av samme brevet. Årsaka til dette er at me, i tillegg til å sende det elektronisk, og sender brevet via post.
Dei som har elektronisk postkasse, vil då oppleve å få brevet elektronisk i tillegg til i postkassen. Dei som ikkje har elektronisk postkasse, vil kunne få to konvoluttar i postkassen med same brevet.

Me bed om forståing for at me har valt å gjere det på denne måten, og håper det ikkje blir problem for mottakarane av breva.

HER kan du lese meir om elektronisk postforsendelse.