Informasjon til grunneigarane ved Byglandsfjorden
Rydding av bos på strender i Byglandsfjorden
Nokre ungdomar har sommarjobb i Bygland kommune med rydding av plast og anna bos ved strender i Byglandsfjorden. Storflaumen i fjor haust har teke med seg mykje bos som ligg att ved fjorden. Arbeidet tek til 30. juli og held fram i 2 veker.
Grunneigarane vert med dette orientert.
Bygland kommune, Drift og forvaltning