Norske helsemyndigheiter rår at dei som har symptom eller mistenker at dei har vore i kontakt med smitte, og dei som har besøkt raude land, lar seg teste for Covid -19 når dei kjem tilbake til Noreg.

Testen er frivillig, og gratis for den som blir testa. Testinga skjer ved testsenter på ankomststaden.

Du kan vere smitta sjølv om testen er negativ. Difor gjeld karantenereglane uansett. Dersom du kjem frå land der ein krev karantene, må du altså vere i karantene sjølv om du tar testen.

Svar på testen vil vere klart seinast innan 3 dagar. Dersom testen viser at du har Covid -19, vil du bli kontakta og fulgt opp av helsetenesta i kommune der du bur, eller oppheld deg som turist. Difor er det naudsynt at du oppgjev bu- eller opphaldsstad med adresse og telefonnummer.

Der er ikkje kapasitet til å gi ut alle negative prøvesvar. Dersom du ikkje har høyrt noko i løpet av 3 dagar, betyr dette at testen din er negativ.

Dei som er fast busette i Noreg kan likevel finne testsvaret på Min side, www.helsenorge.no. Reisande som ikkje er busette i Noreg, vil i ein del kommunar få tilsendt ei påloggingslenke på SMS. Det er ikkje tilbod om support ved innloggingsproblem. Alle som får påvist Covid -19, blir kontakta av helsetenesta og fulgt opp.

Testsenteret tilbyr kun test.

Kontakt lege om du føler deg sjuk. Personar busette i Noreg kontaktar fastlege eller legevakt. Reisande som bur i andre land skal ta kontakt med legevakt på telefon 11617, om dei blir sjuke.

Testsenteret må prioritere kven som blir testa, dersom mange ønskjer å bli testa samstundes. Personar med tegn på sjukdom, eller som veit at de har vore i kontakt med andre med Covid -19, vil bli prioritert.

Takk for at du lar deg teste!