Vi gjer merksam på at punkta nedanfor kun er eit utsnitt av protokollen. 

  • Vindkraft: Vi oppmodar om å gå inn og lese heile vedtaket på heimesida, men her er dei to oppsummerande punkta:
    • Bygland kommune krev difor at alt areal innan kommunen som er tatt med i framlegg til nasjonal ramme for vindkraft, vert teken ut av planen
    • Bygland kommune seier nei til etablering av all vindkraftutbygging i kommunen. Slike etableringar vil føre til store negative konsekvensar for miljøet og omfattande naturinngrep i heieområda våre
  • Framtidig kommunalt vintervedlikehald på kommunale og private vegar: Det blir omsorgsnemnda som avgjer søknadar om kommunalt vintervedlikehald for husstandar som mottek kommunale helse- og omsorgstenester
  • Politisk organisering: Saka blei utsett til det nye kommunestyret har konstituert seg
  • Vedtak i namnesak 2018/477 - Skåmedal: Kommunen ynskjer å klage på vedtaket

HER er lenke til protokollen