Eit utval av vedtak frå kommunestyret:

  • Kommunestyret vedtok reglar for bruk av Bygland kulturscene
  • Midlar frå vegfondet på 1 600 000 for 2019 vil bli bruka på prioriterte tiltak på Byglandsfjord, Bygland sentrum og Ose sentrum. Det som har høgast prioritet er gatelys og grøftereinsk/reasfaltering
  • Det blei vedteke reglement for kommunalt vintervedlikehald på kommunale og private vegar
  • Kommunestyret vedtok at Bygland kommune skal kjøpe 1 leilegheit i den planlagde 6-mannsbustaden i Bygland sentrum
  • Kommunestyret gjekk inn for eit verskommunesamarbeid om NAV. Dei kommunane som er del av dette samarbeidet er kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes, Åseral, Iveland og Vennesla. Det er Vennesla kommune som blir vertskommune for samarbeidet
  • Bygland kommune løyver inntil 390 000 i tilskot for å ferdigstille ridehallen på KVS-Bygland
  • Det blei vedteke at kommunen sel Byglandsfjord industribygg AS

Me minner om at du kan finne alle innkallingar og protokollar frå alle politiske utval på heimesidene våre under "Politiske utval". Du kan finne lydopptak frå kommunestyremøte under "Politikk"