Vi gjer merksam på at punkta nedanfor kun er eit utsnitt av protokollen.

  • Godkjenning av kulturminneplan 2020 - 2032: Saka blei utsett
  • Søknad om kjøp av næringstomt på Nesmoen: Framtidig eigedomsselskap i regi av Dagfinn Borgi, Eivind Greibrokk og Lars Gunnar Sangesland får erverve inntil 16 daa næringsareal på Nesmoen som omsøkt. Kjøpesummen blir kr. 1.- pr. kvm.
  • Innbyggjarforslag om etablering av leikeplass i Prestlidi bustadfelt: Rådmannen blir beden om å leggje fram sak med kostnadsoverslag for opprusting av leikeplass i Prestlidi. Samstundes skal det leggjast fram ein framdriftsplan med kostnadsoverslag for leikeplassane Hampefjell, Grendi skule og Åraksbø grendehus. Denne vert å vurdere i samband med budsjett 2021. Initiativtakarane for etablering av leikeplass i Prestlidi blir bedne omå konkretisere kva dei kan bidra med for å oppruste leikeplassen på dugnad innan 1.6.2020.
  • Kommuneplanen sin samfunnsdel 2020 - 2032: Planen blir sendt ut på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn
  • Søknad om permisjon/fritak frå politiske verv: Ann-Cecilie Andersen Attestog får midlertidig fritak frå politiske verv
  • Rekrutteringsprosess - ny rådmann: Stillinga som rådmann  blir lyst ut som fast tilsetjing. Ein skal bruke rekrutteringsbyrå i prosessen. Administrasjonsutvalet er intervju- og innstillingsutval. Dette utvalet fremmer forslag om innstilling til kommunestyret som gjer det endelege tilsetjingsvedtaket

Om du ynskjer å lese heile protokollen, finn du den HER