Varsel vil bli sendt på SMS til mobiltelefonen din i dei tilfelle vi har mobilnummeret.

Kommunen vil ved neste utsending av varsel bruke det mobilnummeret du svarte via, eller evnt. det mobilnummeret du skriv saman med avlesinga på http://www.leseav.no eller det nummeret du skriv på svarslippen.

Ved feil

Om du får ein SMS som du meiner er sendt til feil nummer, ber vi deg om ikkje å svare på denne. Denne løysinga er ikkje ein innbyggardialog.

Kan vi nå deg?

Det finns 2 ulike registre ein kan velge å registrere seg i for at vi skal nå deg. (Her kan du og kontrollere om du allereie er registrert). I tillegg gjer vi og eit siste forsøk ved å gjere oppslag på 1881.no.

1. http://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon. I dette felles nasjonale kontaktregisteret tilrår vi å legge inn både mobiltelefon og e-postadresse.

2. http://www.varslemeg.no som er eit tilleggsregister kun kopla opp mot Varsling24 og kommunen sitt varslingssystem

 

Verksemder

Verksemder må registrere nækkelpersonar ved å gå inn på lenka http://www.varslemeg.no, då telefonnummer til verksemder ikkje blir henta frå andre kanalar.