Varsel vil bli sendt på SMS til mobiltelefonen din når vi har registrert nummeret ditt, eller ved at du har registrert deg i offentlege register.

Varslingssystemet er integrert i fagsystemet vårt for kommunale eigedomsgebyr, noko som gjer at kommunen raskt kan varsle rett person i forhold knytte til eigedomen.

I samband med vassmålaravlesing har vi moglegheit til å overstyre utsending av SMS. Det vil seie, at vi for enkelte eigedomar kun sender ut avlesingskort. I tillegg vil det bli sendt ut avlesingskort der vi ikkje kan finne mobilnummer.

Ved feil
Om du får ein SMS som du meiner er sendt til feil nummer, bed vi deg om ikkje å svare på denne. I tillegg må den som får ein feilsendt SMS sjekke opplysningane sine i dei offentlege registra og 1881.

Løysinga fungerer ikkje som ein innbyggjardialog, det er ingen manuell oppfølging.

Kan vi nå deg?
Det finns 2 ulike register ein kan velje å registrere seg i for at vi skal nå deg. (Her kan du og kontrollere om du allereie er registrert). I tillegg gjer vi eit siste forsøk ved å gjere oppslag på 1881.no
1. www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon: I dette felles nasjonale kontaktregisteret rår vi deg til å legge inn både mobiltelefonnummer og e-postadresse, då kontakt frå det offentlege ofte vil skje her i framtida. Dette på lik line med sjølvmeldinga som de er kjent med frå tidlegare
2. www.varslemeg.no: Dette er eit tilleggsregister som kun er kopla opp mot Varsling24 og kommunen sitt varslingssystem

Verksemder
Verksemder må registrere nøkkelpersonar ved å gå inn på lenka www.varslemeg.no, då telefonnummer til verksemder ikkje er mogleg å hente frå andre kanalar.
 
Kommunen vil ved neste utsending av varsel bruke det mobilnummeret du svarte via, eller evnt. det mobilnummeret du gjev opp saman med avlesinga på www.leseav.no , eller som du gjev opp på svarslippen.
 
Har du spørsmål, ta kontakt på tlf. 37 93 47 00 mellom kl 10:00 – 14:00 kvar vekedag.